Rauma Spelemannslag

Kva oppgåver har fylkeslaget? Kom og sei di meining!

Årsmøte!

Vi kallar med dette inn til årsmøte i Møre og Romsdal Folkemusikklag i Molde sundag 6. april, kl.11.00 på hotell Seilet. Dette er samme helg som Fylkeskappleiken. 

Hyggjeleg om mange kjem, så vi får fleire syn på kva Folkemusikklaget skal arbeide med framover.

2014-03-13
Juniorlaget Dåm og Drag_300x225

Kva er favorittdansen eller favorittslåtten dykkar

”Somme lika kaffe, somme lika te. E lika gutanj og gutanj lika me.”

Alle har ein favoritt anten me snakkar om sjokolade, musikk, klede eller dans. Ein favoritt får ein til å smile, og til å ynskje at ein kan få - akkurat den ein gong til.

2014-02-25
Romsdal spelemannslag

Fylkeskappleik 2014

Romsdal Spelemannslag inviterer til kappleik i Bjørnsonhuset, Molde lørdag 5. april.

2014-01-09
henry

Redaktøre av Folkemusikkbladet, Dagfinn Nupen, har skrive dette minneordet

Henry Vike (1921 – 2013) til minne

I Romsdal som elles kringom i fylket har vi i mange ti-år vore heldige. Nokre skapande personar har teke godt vare på musikken som har utvikla seg i dei mange bygdene.

            Gode kjelder ofra mykje både tid og krefter, sette seg ned og førde eldre tradisjonar vidare både i tekst og tonar. Dette var gullkorn som i lang tid hadde eksistert mellom fleire skapande personar, ofte berre til husbruk. Men - dette var ikkje på nokon måte nok, for dei verdfulle kulturskattane måtte vidare ned på notearket og dermed ut til folket, både i inn- og utland.

            Ein som hadde dei rette evnene til å vidareføre dette på ein framifrå måte, var Henry Vike, Vikebukt i Romsdal.

2014-01-27
frode

Redaktøren av Folkemusikkbladet, Dagfinn Nupen, har skrive dette minneordet

Frode Følling Birkeland (1934 – 2013) til minne

Han var eit kulturelt kraftsenter.

            Med Frode Følling Birkeland har samfunnet mist ein person som alle skulle kjenne. Frå Rogaland kom han, slo rot i Volda, og kunne derifrå sende mange og allsidige verdiar utover kongeriket. Alle vi som fekk den store gleda å arbeide saman med han, har i årevis fanga inn ei mengd verdiar som er forankra i vårt indre.

            Frode, mannen som viste oss vegen gjennom "fjell og dalar", hadde den medfødde evna til å samle og styrkje oss i arbeidet vårt.

2014-01-27
Rauma Spelemannslag

Rauma spelemannslag og Feler på frifot

I høst har Rauma spelemannsla øvd sammen med Feler på frifot. All øvig munnet ut i konsert på Strandheim onsdag den 27. november. Feler på frifot består av 10-12 barn og unge fra kulturskolen under ledelse av Anniken Solli-Mork. Rauma spelemannslag håper dette kan bidra til rekruttering til folkemusikken. Les reportasje fra Åndalsnes Avis her.

2013-12-09
Romsdal spelemannslag

Fylkeskappleiken 2014 til Molde!

Romsdal spelemannslag vil 5. april arrangere Fylkeskappleik på Rica Seilet i Molde. Meir info kjem.

2013-12-06
Folkedanser Anna Gjendem

Folkedansar – fast stilling som dagleg leiar ved FAMR

Anna Liv Skjelten Gjendem (24) frå Molde tiltrer i fast stilling som dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (FAMR) frå 01.01.14. 

2013-12-09