Vi kallar med dette inn til årsmøte i Møre og Romsdal Folkemusikklag i Molde sundag 6. april, kl.11.00 på hotell Seilet. Dette er samme helg som Fylkeskappleiken.
Hyggjeleg om mange kjem, så vi får fleire syn på kva Folkemusikklaget skal arbeide med framover.
Vi refererer frå vedtektene som de elles finn på heimesida vår www.folkemusikklag.no:
§ 4. Årsmøte
Årsmøte vert halde kvart år og skal avviklast seinast 2 veker før årsmøtet i Landslaget for Spelemenn. Kvart lokallag har rett på 2 utsendingar. Røysterett på årsmøtet har dei valde utsendingane og styret i fylkeslaget. Styret har ikkje røysterett ved handsaming av årsmelding og regnskap.
Framlegg til saker som skal opp på årsmøtet til avgjerd, må sendast styret seinast 5 veker før årsmøtet. Laga skal ha melding om årsmøtet i god tid før denne fristen. Sakslista vert sendt lokallaga minst 3 veker før årsmøtet. Alle saker som ikkje gjeld oppløysing eller lovbigde, vert avgjorde med simpelt flertal. Ved likt røystetal avgjer leiaren si røyst utfallet.
Årsmøtet skal
1) Velje møteleiar, referent og to til å skrive under møteboka saman med møteleiaren.
2) Handsame styret sitt framlegg til årsmelding, rekneskap og arbeidsprogram for komande år.
3) Fastsetje kontigent og storleik på bladpengar til folkemusikkbladet.
4) Velje styre med varamedlemmer, revisor, valnemd, og utsending(ar) til årsmøtet i Landslaget for Spelemenn.
5) Handsame andre saker som er tekne opp av styret eller lokallaga og som ligg innanfor føremålet for organisasjonen.