Juniorlaget Dåm og Drag_300x225

Kva er favorittdansen eller favorittslåtten dykkar

”Somme lika kaffe, somme lika te. E lika gutanj og gutanj lika me.”

Alle har ein favoritt anten me snakkar om sjokolade, musikk, klede eller dans. Ein favoritt får ein til å smile, og til å ynskje at ein kan få - akkurat den ein gong til.

Me ynskjer å få sjå dykkar favoritt, anten det er ein vals, halling, songdans eller ein leik. 
Gjennom prosjektet ”Favoritten vår” ynskjer me å setje lys på folkedansen og folkemusikken i Møre og Romsdal. Dette for å syne kva me dansar og spelar, men og for å syne at me finns.

For å delta: Må de filme dykk sjølv, der de anten dansar eller spelar. Filmen bør ha ein lengde frå 1-4 minutt. Treng de hjelp til filminga kan Folkemusikkarkivet komme med råd eller kanskje filme for dykk. Send filmen inn til Folkemusikkarkivet og dei publiserer den gjennom sin konto på Youtube. Her kan du sjå filmane som er kome inn til no.

Frå dei innsendte filmane vil det verte trekt ut ein som får premie. Premien vert billettar til arrangement under Folkedansfestivalen arrangert av Noregs Ungdomslag i Ørsta 3.-6. juli.

Send inn film til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal innan 5. mai 2014. 
Spørsmål? Kontakt Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.

Helsing 
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Høgskulen i Volda 
Postboks 500, 6101 Volda
Telefon: 70 07 50 92
e-post: folkemusikk@hivolda.no
Nettside: www.folkemusikkarkiv.no