Her kjem ei innbyding til deg om å deltake som frivillig under Førdefestivalen i sommar, 2.-6.juli.
Vi sender i desse dagar ut e-post til mange av dei frivillige vi har frå tidlegare år og til dei som nyleg har registrert seg som interesserte i å deltake. Vi gjer merksame på at nokre av dykk allereie har meldt dykk, og det kan difor hende at de får e-post fleire gonger.
Vi set stor pris på om du tek på deg oppgåva som arenaansvarleg også i år, men du kan sjølvsagt også prøve deg på andre arbeidsområde om du heller ynskjer det.
Registrer deg her om du vil gjere ein innsats under Førdefestivalen 2014. På denne sida ser du kva arbeidsoppgåver vi treng folk til.
Om ikkje du sjølv har høve til å deltake i år, så kjenner du kanskje nokon som ville setje pris på å få vere med? Vi treng hjelp frå alle til å spreie denne bodskapen og vert glade om du tek deg litt tid til å vidareformidle dette til andre som kan vere interesserte.
Håper å høyre frå deg!
Med venleg helsing
Ingebjørg
Ingebjørg Nomeland / Producer
Førde Traditional and World Music Festival | JULY 2nd-6th, 2014
Tel. +47 5772 1948 / Mobile +47 918 47 099
PO Box 395, N-6802 Førde, Norway
