Utøverstudentane

To av fire frå Molde

BA-eksamener i Tradisjonsdans ved NTNU

Studentane frå BA-utøvende tradisjonsdans er no ferdige, her kan du sjå og lese meir om eksamenane deira.

BA-eksamener i Tradisjonsdans ved NTNU

Dei er det første kullet nokon sinne som i løpet av våren vert uteksaminerte som utøvande dansarar i norsk tradisjonsdans. Studiet har som mål å utdanna tradisjonsdansarar på eit godt kunstnarleg og tradisjonsfagleg nivå til arbeid i skjæringspunktet mellom tradisjonskunst- og det frie dansefeltet. Dette unike studietilbodet med 4 eksklusive studentar har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Ole Bull Akademiet og NTNU. Studiet er ein lekk i profesjonaliseringa av tradisjonsdansen i Noreg, og utheving av tradisjonsdansen som ein kunstart i seg sjølv.

EKSAMEN UTØVING C:

Anna Liv Skjelten Gjendem 9. mai kl 17.00 i Dansesalen, Dragvoll, 4. etg Idrettsbygget Hvis du ikke bestemmer deg for neste skritt, blir du stående hele livet på et ben. -Det er mange skritt i en dans, i en favorittdans er det enda flere. Jeg ønsker å vise åtte av mine favoritter - det blir mange skritt, det! Dansere Torill Steinjord, Inga Myhr, Mathilde Øverland og Anna Liv Skjelten Gjendem Musikkere Laura Ellestad, Hilde Fjerdingøy, Kari Finne Sognnæs og Ida Furusæter Lys Nils C.Hamsund Boberg Rettleiarar Ami P Dregelid, Kari M Okstad, Martin Myhr og Siri Mæland

Sjå ein smakebit her!

Mathilde Øverland 9. mai kl 19.00 i Dansesalen, Dragvoll, 4. etg Idrettsbygget Då ho bad om flyt, undra eg over bølgane som kolva båten. -Ei samling tradisjonsdansar pakka inn i ei vakker, men absurd ramme som saman fortel fleire aspekt ved relasjonar og opplevinga av å være eit (dansande) menneske. Dansere Torill Steinjord, Inga Myr, Mathilde Øverland og Anna Liv Skjelten Gjendem Musikkere Laura Ellestad, Hilde Fjerdingøy, Kari Finne Sognnæs og Ida Furusæter* Lys Nils C.Hamsund Boberg Rettleiarar Ami P Dregelid, Kari M Okstad, Martin Myhr og Siri Mæland

Torill Steinjord 10. mai kl 17.00 i Dansesalen, Dragvoll, 4. etg Idrettsbygget Eg vassar til livet – om å bryte grensene for kva ein trur ein kan og kor langt ein vågar å gå. Dans Anna Gjendem, Inga Myhr, Mathilde Øverland og Torill Steinjord Musikk Hilde Fjerdingøy (toradar), Laura Ellestad (hardingfele) og Kari Finne Sognes (song). Lys Nils C.Hamsund Boberg Rettleiarar Ami P Dregelid, Kari M Okstad, Martin Myhr og Siri Mæland

Inga Myhr 10. mai kl 19.00 i Dansesalen, Dragvoll, 4. etg Idrettsbygget TID - Ei forstilling der dans, musikk og tekst tar tida i betraktning. Dansere Torill Steinjord, Mathilde Øverland, Anna Liv Skjelten Gjendem, Martin Myhr og Inga Myhr Musikere Ida Furusæter, Hilde Fjerdingøy, Kari Finne Sognnæss og Else Myhr Lys Nils C.Hamsund Boberg Rettleiarar Ami P Dregelid, Kari M Okstad, Martin Myhr og Siri Mæland

EKSAMEN FORMIDLING B: TORSDAG 31. mai kl 19.00 i Verkstedhallen, Svartlamon

"før etterpå"
Om å finne seg ein stad og endre den gjennom sitt nærvær
om skiftet mellom då og seinare
 
"før etterpå" heiter forestillinga som utøvarstudentane ved Bachelor – studiet i utøvande tradisjonsdans ved NTNU syner torsdag 31. mai, kl.19.00 i Verkstedhallen i Trondheim. Forestilling er inspirert av relasjonar mellom mennesker og stader. Den fortel noko om korleis vi mennesker tek oss ein plass i ei avgrensa tid, og dei spor som vært skapt av oss. Dette har vore utgangspunktet for arbeidet med forestillinga. "før etterpå" kan sjåast på som samanlenkte fragment og minner fra studietida som har vært, - eller som ei fri tolkning av enfringane i livet. Alt sluttar med at noko anna tek til. For dei fire utøverstudentane er dette slutten på studietida, men og starten på ei fortsatt reise i dans.
 
Studentane er det første kullet nokon sinne som i vert uteksaminerte som utøvande dansarar i norsk tradisjonsdans. Studiet har som mål å utdanna tradisjonsdansarar på eit godt kunstnarleg og tradisjonsfagleg nivå til arbeid i skjæringspunktet mellom tradisjonskunst- og det frie dansefeltet. Dette unike studietilbodet med fire eksklusive studentar har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Ole Bull Akademiet og NTNU. Studiet er eit ledd i profesjonaliseringa av tradisjonsdansen i Noreg, og utheving av tradisjonsdansen som ein kunstart i seg sjølv.
 
Stad: Verkstedhallen, Trondheim
Koreograf: Anna Öberg
Dansere: Anna Liv Skjelten Gjendem, Inga Myhr, Torill Steinjord og Mathilde Øverland.
Musiker: Torill Aasegg Lysdesign: Nils C. Hamsund Boberg
Fotodesign: Hanna Fauske og Lars Gustafsson
 
Foto: Rff-sentret/Agnar Olsen