FolkOrg arrangerer i samarbeid med Buskerud Folkemusikklag dommarseminar i spel, vokal og dans på Ål frå 16.–18. oktober. Thon Hotel Hallingdal på Ål vert lokale for kurset denne helga. Seminaret er for deltakarar frå heile landet.
Det er om lag 20 ulike kappleikar/tevlingar med varierande storleikar gjennom eit kalenderår. For å arrangere tevlingar og for at deltakarane skal bli vurdert, treng ein kompetente og kunnskapsrike dommarar. Å takke ja til å vere dommar og setje seg i ein formell vurderingssituasjon på kappleikar og festivalar, kan verke skremmande dersom ein ikkje har vore i slike situasjonar før.
FolkOrg og Buskerud Folkemusikklag har erfart og i tillegg fått innspel om at aktuelle dommarar vegrar seg for å takke ja, på grunn av lite erfaring som dommarar, og fleire seier nei på grunn av manglande kurs. Dette kombinert med ein stadig etterspurnad etter dommarar, gjer at FolkOrg i samarbeid med Buskerud Folkemusikklag arrangerer eit tredelt dommarseminar for spel, dans og vokal. Kurset vert arrangert på Ål i Hallingdal frå 16.–18. oktober.
Thon Hotel Hallingdal på Ål vert lokale for seminaret denne helga.
Seminara er for deltakarar frå heile landet som vil lære om dommargjerninga, med eller utan dommarerfaringar sjølv. Det er eit krav for deltakarane at dei har god kjennskap til det tema dei ynskjer å fordjupe seg i, og eigne erfaringar frå kappleikar som deltakar.
Tidsramma for seminaret er 12 timar, og dei tre seminara vil i all hovudsak gå parallelt i løpet av helga. Seminara tek til fredag kveld, og vert avslutta søndag føremiddag.
Felles for seminara denne helga vil blant anna vere: tradisjonskunnskap, diskusjonar, refleksjon, dommarskjema, tevlingsreglementet og praktisk dømming. Detaljert program for dei ulike seminartypane denne helga kjem etter kvart.

KONSERT MED VIKEN/BRIMI
Laurdag kveld vert det konsert med duoen Viken/Brimi, med påfølgjande dans etterpå.
Konsert og dans kostar 50 kr. for deltakarane på dommarseminaret. For publikummarar som ikkje er med på seminaret, kostar konsert og dans 200 kr.
Dommarseminar i spel
Innleiarar: Synnøve S. Bjørset, Anne Hytta og Tom Willy Rustad.
– Tom Willy vil ha ei økt med særskilt fokus på runddans.

Dommarseminar i dans
Innleiarar: Siri Mæland og Inga Myhr

Dommarseminar i vokal
Innleiarar: Ingrid Gjertsen og Kari Lønnestad

PÅMELDINGSFRIST ER 1. SEPTEMBER
Seminaravgift
- Seminaret er gratis for deltakar som er medlem av FolkOrg (er du ikkje medlem kan du melde deg inn her: http://folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg/)
- Seminaret kostar 500 kr. for deltakarar som ikkje er medlemmar av FolkOrg
For overnatting på Thon Hotel Hallingdal:
Bestill overnatting på tlf: 32 08 20 11, eller e-post:hallingdal@thonhotels.no. Opplys om at ein skal vere med på dommarkurset for å få desse prisane:
Enkeltrom – kr. 1105,- pr. rom
Dobbeltrom – kr. 1305,- pr. rom
Trippelrom – kr. 1505,- pr. rom
4-mannsrom – kr. 1705,- pr. rom
Frukost er inkludert i prisen.