Frode Birkeland er borte. Brått skjedde det, og det var uventa for dei fleste, jamvel for dei av oss som kjende han godt. Han fortalde ikkje at han var alvorleg sjuk, og nemnde sjeldan at han hadde helseplager i det heile. Han var oppteken av det hyggelege og positive.
Gjennom sine mange år i Volda var Frode Birkeland ein av dei mest allsidige og aktive i kulturlivet. Interessene hans spente over det meste av kulturskalaen: litteratur, historie, kunst og ikkje minst musikk. Frode var sterkt interessert i musikk i det heile og særleg likte han folkemusikk.
Ved opprettinga av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal i Volda gjorde Frode Birkeland ein viktig innsats. Han var oppteken av behovet for å samle inn og gjere tilgjengeleg folkemusikk som var brukt rundt i bygdene før det var for seint og før tradisjonsberarane var borte.
Då fylkeskommunen i slutten av 1980-åra vende seg til Distriktshøgskulen med spørsmål om eit samarbeid om eit folkemusikkarkiv, tok folkemusikkmiljøet i Volda og leiinga ved høgskulen og Møreforsking utfordringa. Frode var leiar i forprosjektgruppa og utarbeidde mellom anna planar for arkivet. Han søkte om tilskot og arrangerte kurs i innsamling av folkemusikk. Frode hadde særleg gode føresetnader for å leie dette arbeidet gjennom sitt sterke engasjement for saka og si evne til å skape semje. Han var ein entusiast for sine kulturelle interesser. Sterk og samtidig stillferdig.
I 2001 vart Frode dagleg leiar for Folkemusikkarkivet og førte vidare det store arbeidet som Jostein Fet hadde gjort. I tillegg til dei daglege gjeremåla ved arkivet skreiv han mange artiklar om folkemusikk, og han laga ei viktig bok om felebyggjarar på Nord-Vestlandet. Det var også eit arbeid som det hasta med, fordi felebygging var – og er – eit utdøyande amatørhandverk.
Samspel i Sunnmøre spelemannslag og Halkjelsvika spelemannslag var kanskje Frode sin favoritthobby. Jamvel utan folkemusikalsk bakgrunn frå barndom og ungdom, fann han stor glede både i den gamle og nye slåttemusikken. I begge spelemannslaga tok han på seg administrative oppgåver som han skjøtta samvitsfullt. I unge år hadde han fått opplæring i fiolinspel. Som mogen mann vart han folkemusikar, og det var då han for alvor fekk glede av fela si, fortalde han.
Frode Birkeland var i sitt yrke som biblioteksjef ved høgskulen i Volda og i sine mange verv ein hyggeleg og påliteleg leiar og medarbeidar. Ein av dei mange gode eigenskapane hans var at han hadde omsut for folk. Han var uvanleg raus med oppmuntring og ros. Dertil var han ein humoristisk og inspirerande kamerat som det alltid var triveleg å vere i lag med.
- Vi er mange som vil sakne Frode Birkeland.
Jon Tvinnereim