Dei to folkemusikkgruppene Werner Barth og Teger held to konsertar i Møre og Romsdal :
Fredag 13. september i Osmarka bedehus og kapell kl 1900
Laurdag 14. september i Tresfjord kyrkje kl 1900
Billettar kr. 150.-
Teger har spela saman sidan 1998. Den består av Marit Aspås (cello), Erik Fostervoll (trøorgel/piano) og Gro Kjelleberg Solli (song), alle oppvaksne i Indre Gjemnes (Angvik og Heggem)
Marit er frilans musikar, busett i Trondheim. Ho har ofte oppdrag i Trondheimsolistane, og reiser verda rundt med dei. Erik er kantor i Nesset prestegjeld, samt ein ettertrakta frilans musiker. Gro er busett i Os i Østerdalen, og jobbar ved kulturskulen der i tillegg til å delta på konsertar rundt om i landet.
TEGER har funne eit særeige uttrykk med den litt uvanlege instrumentbesetninga. Musikken er godt forankra i det lokale, både folketonar, viser og nykomponet musikk frå Møre og Romsdal. I tillegg tek dei seg nokre musikalske turar utanlands, ma til Frankrike og Gabriel Faurè sin musikk.
WERNER BARTH er ei gruppe frå Vestnes beståande av Britt Elise Skram, Karl-Arne Frantzen og John Trygve Villa på henholdsvis fele, gitar og bass. Sidan 2002 har gruppa spelt ein type eigenarrangert folkemusikk blanda med andre impulsar. Repertoaret har spunne frå rolege folketonar via morsomme viser til spenstige hallingar. Gruppa har spelt i mange samanhengar som til dømes på Folkelarm i Oslo, ein skandinavisk festival i Minnesota, bursdagar, åpning av konferansar, kyrkjekonsertar og til dans. Dei har også blitt fylkesmeistrar i åpen klasse under fylkeskappleiken for Møre og Romsdal fleire gonger.