Silja Lid Strysse

Inspirasjonskurs - torader

Spelar du torader og kan tenke deg å lære nye slåttar og spisse teknikken? 

13. september vert det kurs på torader med Silje Lid Strysse på Vestnes.

Silja Lid Strysse kjem frå Kongsberg og har spelt torader sidan ho var sju år. Ho diggar å spele torader og har dei siste åra delteke i konkurransar mellom anna på Landsfestivalen og Landskappleik. No er ho student på Ole Bull akademiet på Voss og gler seg over å drive på med folkemusikk på heiltid.

 

Kurs 1, kl. 10-11.30 – for deg som ikkje har spelt så mykje

Kurs 2, kl. 12-16.00 – for deg som er vidarekomande på torader

 

På kurset vert det nytta G/C-torader

 

Dato: 13. september

Stad: Myra kulturbygg, Vestnes

Arrangør: Møre og Romsdal folkemusikklag og Folkemusikkarkivet i Viti 

 

Påmelding/billettar kan du kjøpe her: https://booking.duell.no/stiftinga-viti/standard/event/inspirasjonskurs-torader-1607

 

Foto: Thomas Westling