I år satsar Møre og Romsdal Folkemusikklag på eit spelemannslag som representerar det flotte fylket våra på Landskappleiken. Til å leie laget er Sunnmøringen Åsmund A. Farstad. Vi ser for oss å stille med lag i vanleg fele, men andre instrument er sjølvsagt velkomne.
Landskappleiken i år er 24.-28. juni. Lagspelklassa er fredag 26. juni.
Øvingar:
Dato: 12.05.2026 Tid: Kveldstid. Stad: Oslo: Norges Musikkhøgskole
Dato: 12.06.2026 Tid: Kveldstid. Stad: Volda
Dato: 24 eller 25. Juni. Tid: Dagtid/ ettermiddag. Stad Hovden Setesdal.
#MORO står for MØRE OG ROMSDAL FOLKEMUSIKLAG.
Hensikta med laget er å:
1. Tilby samspel i tevlingar der våre lokale spelemannslag ikkje deltek
2. Syne fram folkemusikktradisjon frå Møre og Romsdal i tevlingar der våre lokale spelemannslag ikkje deltek
3. Bygge folkemusikknettverk i fylket der folk blir kjent på tvers av lagstilhøyrigheit
4. Vere eit tilbod til alle medlemmar, det er inga opptaksprøve for å vere med.
Repertoar:
Musikken laget skal syne fram er lokal bygdedans. t.d Halling, springar/springdans/polsdans og Bruremarsj.Det vil bli sendt ut notar og opptak på Dropbox av slåttane og arrangement i god tid før øvingane.
Påmelding:
Prisen for å delta: 500 kr per person.
Då får du øvingane og gjennomgangsbillett på Landskappleiken.
Send påmelding til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 12. mai.
Har du spørsmål kontakt Åsmund Arnesen Farstad - asmfarmusic@gmail.com