Folkedanser Anna Gjendem

Folkedansar – fast stilling som dagleg leiar ved FAMR

Anna Liv Skjelten Gjendem (24) frå Molde tiltrer i fast stilling som dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (FAMR) frå 01.01.14. 

Gjendem er frå Molde og har utdanning innan folkemusikk og folkedans. Ho var mellom anna ein av dei fire utøvarstudentane som var nyutdanna frå Universitetet i Trondheim i Tradisjonsdans sumaren 2012. Til neste sumar er ho ferdig med ein mastergrad i tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland. Gjendem har det siste året vore hyra til å arbeide i stillinga som dagleg leiar ved FAMR.

Jobben ved arkivet inneber dagleg drift, innsamling, systematisering og utoverretta arbeid.

”Det er kjekt å få fast jobb innanfor noko eg har utdanna meg i. Moglegheitene ved Folkemusikkarkivet er store. Eg ser det som spanande og utfordrande å forsette på arbeidet i fast stilling. Mykje av tida mi det siste året har gått med på å få folk til å bruke materiale som er i arkivet og å hjelpe folkemusikk-og folkedansmiljøet i fylket. Utan eit miljø, er det liten vits å ha eit folkemusikkarkiv. Materialet skal brukast, ikkje hermetiserast. Eg må og syte for at nytt materiale kjem inn, gjennom opptak, notar, bøker osv. Detta er noko av det kjekkaste med jobben. Å møte folka som glødande fortel, dansar og spelar. Eg er heldig som får møte alle desse!”, seier Gjendem.

Anna Liv Skjelten Gjendem er godt festa i tradisjon og har gjennom sine studiar ved Universitetet i Trondheim hatt ei fordjuping på områdane Sunnmøre og Romsdal. Det vil seie at ho har arbeid mykje med arkivmateriale hovudsakleg innan folkedans. Ho har studert gamle filmopptak, ned i minste detalj osb. I tillegg til å danse spelar ho einradar og toradar, der ho og har eit lokalt repertoar.

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal vart etablert i 1990. Det fekk lokale på Høgskulen i Volda, og har halde til der sidan. Fleire former for organisering og finansiering vart prøvde i løpet av dei første åra. I 1999 vart arkivet omgjort til ei stifting. Stiftinga består av fem deltakande partar: Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal.

 

Her kan du sjå ein av dansane som Anna Liv har tatt fram i lyset igjen. På opptaket dansar ho med Mathilde Øverland og Laura Ellestad spelar.  

http://www.youtube.com/watch?v=rPx6gd3VS3w