Folkemusikkarkivet_195A7953_fotoKristinStoylen

Dans for unge vaksne

Det vert dansekurs med hovudfokus på polka, reinlender og vals.

 
  • 23. august på Åkre bedehus, Sunnmøre museum i Ålesund. Instruktør er Helene Gjerde og spelemann Marius Berglund.
  • 27. september i gymsalen til Herøy kyrkje. Instruktørar er Linn-Eli Kopperstad, Anna Gjendem og spelemann Andrine Longva Kopperstad.
  • 15. november i konsertsalen til Høgskulen i Volda. Instruktør er Yngve Vadstein og spelemann Anne Marta Vinsrygg Vadstein.
Ta med ein ven eller fleire og kom! De treng ikkje ha dansa tidlegare.

Tid: 12.00 – 15.30
Pris: Gratis
 
Dansesamlingane er eit utspring frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans si nye satsing, Dansespor, som vart starta opp hausten 2022. Målet er å skape meir folkedansaktivitet i lokalmiljøa. Du kan lese meir om Dansespor her:
 
Kursa vert gjennomført med støtte frå:
- Sunnmøre frilynde ungdomssamlag
- Møre og Romsdal folkemusikklag
- Folkemusikkarkivet i Viti