Spelemannslaget Dåm og Drag er i dag eit aktivt lag som i stor grad arbeider med juniorlaget for å kunne rekruttere nye spelemenn til hovedlaget. Desse får si trening gjennom Vestnes kulturskole kor musikar Britt Elise Skram gjer eit uvurderleg arbeid for at Spelemannslaget Dåm og Drag også i framtida skal halde den lokale folkemusikktradisjonen i hevd.
Juiorlaget består i dag av seks felespelarar i alderen 11-17 år frå Vestnes kommune. Den siste tida har desse seks med støtte av kompet til hovedlaget vore etterspurt til underhaldning i nærmiljøet. Dei har mellom anna spelt på Seniordagen under Kulturveka på Skodje og under Hausthyggekvelden til Tressalaget i Tresfjord. Den 4. november var dei med på arrangementet "Syng med oss" på Idahall arrangert av Tomrefjord songlag i Tomrefjord.
Framover skal dei og spele på:
-Laurdag 17. november - Mangfaldsmarknaden i Vestnes.
-Tirsdag 20. november - Samdanskveld på Romsdalsmuseet med leikarringen (Molde).
-Søndag 23. desember - Adventskonsert i Tresfjord kyrkje.
Frett meir om Spelemannslaget Dåm og Drag på deira nettside.