Spelemannslaget Havella ønskjer velkomen til Fosnavåg Konserthus 25. og 26. mars. Det er tredje Fylkeskappleiken i kystbyen, og denne gongen gler vi oss ekstra til å fylle det nye konserthuset med folkemusikk. Påmeldingsfrist 3. mars 2017.
Er du ung felespelar i Møre og Romsdal? Då treng vi deg!
Spelemannslaget Havella skal arrangere Fylkeskappleiken 2017 i det nye konserthuset i Fosnavåg laurdag 25.-26. mars. Vi har søkt om mykje midlar og fått god støtte til eit spennande prosjekt for ungdom. Nedre aldersgrensa er sett til 8. Klasse, og du må spele vanleg fele. I Havella er ungdomane 14-26 år.
Folkepedia er samansett av «folke» som viser til folkedans/folkemusikk, «ped» som viser til pedagogikk, eller «pedia» som viser til Wikipedia. Dette er eit førprosjekt for og med barn og unge der me lagar opplæringsfilmar innanfor folkedans.
Språket var annleis, framandt, kva med kulturformene? Der ute møtte dei songdansen, som etter kvart også slo rot i Noreg. På 1300-talet seier soga at den norske folkevisa stod rimeleg høgt.
Innskriving: Øystein Sande
Åra går, mangt minkar, men interessa for historie (særleg den norrøne) er framleis oppegåande. I år (2016) vert det ikkje kappleikar for meg, men soger kring den eldre folkemusikken + dagens skisport og fotball blømer framleis godt.
Alternativ til framføring på dei eldre folkemusikkinstrumenta kan difor vere å ta ein penn og skrivepapir, kose seg med notatar og klipp, og dermed ta del i kulturen vår på den fronten vidare.
Det nærmar seg fristen for påmelding til tradisjonskurs og Sjokoladekappleik i Valldal 5. og 6. november 2016. Vi voner at folkemusikkinteresserte frå heile fylket melder seg på kursa og kappleiken så snart som råd!
Velkomen til Tradisjonskurs i Valldal 5. november. Møre og Romsdal folkemusikklag tilbyr kurs i dans, fele, song og hardingfele.
Møre og Romsdal folkemusikklag søker allereie no arrangør til neste års Sjokoladekappleik. Folkemusikklaget ønsker å arrangere tradisjonskurs og Sjokoladekappleik etter same mal som i 2017. Arrangementet er planlagt til helga 3. og 4. november 2018
Møre og Romsdal folkemusikklag har fått innvilga sin søknad om treårig driftstilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune